23948sdkhjf

Støttar etablering av batterifabrikk

Batterirevolusjonen i maritim sektor er i full gang. Hordaland fylkeskommune gir no 550 000 kroner til etablering av ny batterifabrikk i Hordaland.
Batterirevolusjonen i maritim sektor er i full gang. Hordaland fylkeskommune gir no 550 000 kroner til Corvus AS som vil etablere ny batterifabrikk i Hordaland. Den teknologiske utviklinga i maritim næring går raskt og krava til grøn omstilling er stor. Stadig fleire fartøy vil i framtida gå på straum, meldar Hordaland fylkeskommune.

– Hordaland fylkeskommune er pådrivar for berekraftig omstilling og næringsutvikling. Eit godt eksempel på dette er dei mange elektriske ferjene vi no får på plass gjennom ferjeanbod med strengare miljøkrav. Ein ny batterifabrikk kan, i tillegg til å skape fleire arbeidsplassar, utvikle betre batteriløysingar til bruk i fartøy, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Ho legg til at dette vil kunne gi stor miljøgevinst, ettersom batteri i stor grad kan erstatte dieselmotorar på båtar. Dette vil auke innslaget av låg- eller nullutslippsløysingar i den maritime næringa.

Del av omstillingsprogrammet

Midlane frå fylkeskommunen går til Corvus AS og er ein del av omstillingsprogrammet for petroleumsindustrien i Hordaland 2018. Med batterifabrikken ønskjer Corvus å styrke verksemda si når det gjelder utvikling av nye, energieffektive og kvalitetssikre batteriløysingar. Satsinga inneber også auka samarbeid med forsking og utviklingsmiljø. Ein fabrikk vil gjere det mogleg å raskt teste ut og utvikle nye løysingar og som kan imøtekomme behovet som er venta å komme dei nærmaste åra.

– Norge er ein sterk maritim nasjon, og batterifabrikken kan bidra til å styrke sektoren ytterlegere med tilgang på nye løysningar og produkt som gir verdiskaping, seier Hestetun.
Topp moderne

Hovudmålet i prosjektet er å finne ut meir om kva moglegheiter Corvus har når det gjeld å etablere ny batterifabrikk, og å finne alternative stader i fylket der det kan egne seg å plassere fabrikken. Det skal også jobbast med å få betre forståing for teknologiutvikling. Fabrikken skal vere moderne og meir automatisert enn det som har vore vanleg til no.
Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.075