23948sdkhjf

Byggjer stort kabelleggingsfartøy for Nexans

Kontrakt er inngått for bygginga av eit stort DP3-sfartøy for legging av kabel.
Ulstein Verft og Nexans Subsea Operations har inngått kontrakten med på bygginga av det store fartøyet.

Gunvor Ulstein er Konsernsjef i Ulstein Group og setter stor pris på kontrakten.

- Vi set stor pris på at Nexans, ein solid og viktig maritim aktør, vel Ulstein til å bygge sitt nye flaggskip. - Vi har ein svært kompetent organisasjon med lang erfaring i å levere avanserte skip til våre kundar. Denne kontrakten er vunnen i ein tøff internasjonal konkurranse. Vi ser fram til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid med Nexans i åra som kjem.

Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar og fiberoptiske kablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. Skipet av typen ST-297 CLV, er designa av Skipsteknisk, Ålesund. Fartøyet er utvikla for operasjonar i tøffe vêrforhold, med høg manøvrerings- og posisjoneringsevne. Ulstein Verft skal bygge fartøyet og førebu for montering av kabelleggingsutstyret.

Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive med stor kabelkapasitet på heile 10 000 tonn, og i tillegg ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Fartøyet er 31 m breitt og 149,9 m langt. Det har dødvekt på 17 000 tonn, og kan innkvartere 90 personar.

- Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Nexans har kjerneverksemd innan avanserte kablings- og tilkoblingsløysingar. Med ei 120-årig historie har selskapet meir enn 26 000 tilsette.

Ulstein Group er eit familiedrive selskap som vart etablert i 1917 og med hovudkontor i Ulsteinvik. Selskapet har aktivitet innan skipsdesign, skipsbygging, system og løysingar for den maritime marknaden.

Designselskapet Skipsteknisk i Ålesund vart grunnlagt i 1976 og designar spesialiserte fartøy med vekt på offshore, forsking og fiske.
Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.082