23948sdkhjf

Nektast å bygga rømmingssikkert oppdrettsanlegg

Fiskeridepartementet meiner planane ikkje er nyskapande nok.
Osland Havbruk ønskjer å byggja eit oppdrettsanlegg i Balestrand til grovt rekna 400 millionar kroner.

– Det vil bli ei enorm investering, men alt er avhengig av at me får lov til å gjera dette, seier Geir Helge Østerbø, kommunikasjonsansvarleg i Osland Havbruk, og siktar til klagesaka dei har gåande med staten.

Nyleg vart søknaden om å få etablera oppdrettsanlegget i Lånefjorden lagt ut for høyring av Balestrand kommune, ifølge porten.no.

Osland Havbruk har hovudkontor i Bjordal på sørsida av Sognefjorden og har fleire oppdrettsanlegg i Høyanger kommune, samt eit settefiskanlegg dei nyleg kjøpte på Hermannsverk i Leikanger kommune.

Dei hadde 382 millionar i driftsinntekter og 127 millionar i overskot før skatt i 2017.

I dag produserer dei 9000 tonn fisk. Får dei konsesjon til å byggja i Balestrand kan dei plussa på 3500 tonn.

Les resten
Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.081